CLIL
Denne filmserien syner fem ulike undervisningsdøme av CLIL-undervising. CLIL (Content & Language Integrated Learning) er ein metode der undervisinga i eit ikkje-språkfag skjer på eit framandspråk. Målet er at elevane skal heve kompetansen sin både i det aktuelle faget og i framandspråket.
Filmane er ein del av det europeiske samarbeidsprosjektet CORE (CLIL- Objectives and ResourceKit in Education) med partnarar frå Hellas, Litauen, Spania, Italia og Noreg (Karmøy pedagogiske senter og Snöball Film). Prosjektet er finansiert gjennom EU-programmet Comenius Lifelong Learning Programme.
To av filmane viser CLIL-undervising på barneskulen medan tre filmar viser CLIL-undervising på ungdomssteget i så ulike fag som samfunnsfag, teknologi og drama.
Filmane frå barnesteget er spela inn i Nord-Italia med tysk som CLIL-språk medan filmane frå ungdomssteget er spela inn på Mallorca og i Oslo, båe stader med engelsk som CLIL-språk.
