Problemløsning og undersøkelse 3.-4. trinn
L97: Rom og form
L06: Geometri
Lengde: 11.22
Se film: Stor
(74 Mb) | Liten
(49 Mb)
Last ned film: Klikk høyre musetast og velg "Lagre mål
som...".
Lærer: Hanne Hansson
Borkedalen skole, Lillesand
I Kvadratisk meter gjer elevane konkrete erfaringar med måling
av flate. Denne røynsla kan vera veleigna når dei seinare
skal finna areal. I forkant av dette undervisningsopplegget hadde elevane
arbeidd mykje med innlæring av omgrep, særleg symbola for
lengde-, rom- og flatemål.
Filmtittelen speglar på at elevane handgripeleg får sjå
og kjenne kor stor ein kvadratmeter faktisk er. Ein kvadratmeter vert
klypt ut i papir og etter kvart nytta som måleverktøy. Først
gjettar elevane kor mange kvadratmeter dei trur klasserommet er, så
vert rommet tømt for møblar, og elevane måler heilt
nøyaktig ved å dekka heile golvflata med papirfirkantar à
1 m. På denne måten får elevane synleggjort kva areal
og kvadratmeter er. Eit alternativ er å gjere dette i ein gang eller
med ei flate ute, til dømes ein del av ei handballbane.
Neste steg i undervisningsopplegget er at elevane vurderer arealet av
huset heime, og at dei får teikna arealplan av sin eigen draumebustad.
I ein fellessamtale etterpå grunngjev elevane vala sine, og det
er tydeleg at dei har opplevd undervisningsopplegget som motiverande og
klargjerande.
Opplegget som vert synt på filmen, tek om lag tre undervisningstimar.
Spørsmål til diskusjon
Kva kan elevane lære av praktiske undervisningsopplegg som Kvadratisk
meter?
På kva måtar kan elevane gjera konkrete og praktiske
erfaringar med måling av areal?
Læremateriell
Kvadratmeter utklypt i papir.
Kontaktinfo
Borkedalen skole, Bjørkeveien 12, 4790, Lillesand
Tlf:37 26 70 70
Internett: www.borkedalen.no
Problemløsning og undersøkelse
- 1.-2. | Tallforståelse
og regnetrening - 1.-2. | Diskusjonsinnspill
om faget
Problemløsning og undersøkelse
- 3.-4. | Tallforståelse
og regnetrening - 3.-4. | DVD
1 | DVD
2 | VHS
Ansvarlige produsenter og utgivere: www.bro.no www.snoball.no
