Mangfald i naturen
5.–7. trinn
Lærar: Gro Wollebæk
Vevelstadåsen skole, Ski
Sjå film: Stor
(218 Mb) | Liten
(47 Mb) | Skriv ut infoark
Last ned film/infoark: Klikk høgre musetast og vel "Lagre mål
som...".
Målet med undervisningsopplegget
er at elevane skal planleggja og
gjennomføra ei undersøking i eit
naturområde; livet i fjæra. Livet i
fjæra er eit todelt undervisningsopplegg.
Om våren gjennomfører
elevane eit lengre forarbeid på skulen
der dei lagar lærebøker om livet i
fjæra. Andre del av opplegget er ein
ekskursjon til ei strand ved fjorden i
slutten av mai.
Del 1 – Forarbeid (tre veker)
1. Kartlegging av forkunnskapen
til elevane. Kva veit elevane på
førehand om kva for dyr og plantar
som lever i fjæra? Kva kjenneteiknar
fjæra som biotop?
2. I første del lagar elevane kvar si
lærebok om livet i fjæra. I boka skal
elevane teikna og skriva om ein fugl,
ein fisk, ein tangart, eit skjell og
plantar/dyr/fiskar som elevane vel
sjølve. Lærar gjev førelesingar om
nokre vanlege artar som til dømes
torsk og sei, svartbak og gråmåke,
grisetang og blæretang, strandsnigel
og kamskjell, krabbe og hummar.
Elevane bruker Internett og faktabøker
for å finna tilleggsinformasjon.
Alle arbeida som skal inn i
livet-i-fjæra-boka, må godkjennast av
lærar. Arka vert bunde inn i ein limperm,
og elevane får eit flott produkt å visa fram heime.
3. Elevane avsluttar del 1 med å
laga ein stor veggplansje som syner
ein bryggekant og det som er under
vassflata. På denne plansjen plasserer
elevane kvar si teikning. Då er det
viktig at proporsjonane på
teikningane stemmer med
storleiken på brygga.
Del 2 – Ekskursjon til stranda
1. Lærar har gjort klart utstyret. Kvar
gruppe tek med seg sitt utstyr.
2. Kort introduksjon nede på stranda.
Kvar kan elevane leita for å finna
insekt, småkryp og plantar?
Korleis kan oppslagsverk vera til
nytte? Dersom elevane skal ut i
vatnet, bør dei bruka redningsvest.
3. Elevane arbeider i grupper og
undersøkjer livet i fjæra. Gruppene
må bruka oppslagsbøker når dei er
usikre på kva art dei har funne.
Alle funn skal noterast i arbeidsboka.
4. Kvar gruppe syner fram og fortel
om artane dei har funne.
5. Oppsummering: Kva har elevane
oppdaga eller lært som dei ikkje
visste frå før?
6. Etterarbeid der elevane fyller inn
fleire sider i læreboka dei sjølve har
laga.
Spørsmål til diskusjon
Kva tykte du var bra ved dette
undervisningsopplegget?
Kva ville du gjort annleis?
Korleis bør for- og etterarbeidet
leggjast opp for at ein ekskursjon
skal bli best mogleg?
Utstyr
Håv, florabøker, iskremboksar, luper,
spadar, plastakvarium,
redningsvestar.
Les meir:
www.miljolare.no/tema/naturomrader