Verdsrommet
1.–4. trinn
Lærar: Eirik Ahdell
Ammerud skole, Oslo
Sjå film: Stor (117 Mb) | Liten (72 Mb) | Skriv ut infoark
Last ned film/infoark: Klikk høgre musetast og vel "Lagre mål som...".
Denne filmen syner to integrerte undervisningsopplegg der målet er at elevane skal læra om planetane i solsystemet vårt. Det vert lagt opp til mykje elevaktivitet og læring ved hjelp av konkretar. Planetane og verdsrommet er eit emne som lett stimulerer til undring.
Lage planetar av ballongar I forkant har elevane hatt ein kort introduksjon om dei ulike planetane der det vart gått gjennom kva planetane heiter, og kva som er særmerkt kvar planet.
Når elevane skal laga planetar, er dei organiserte i grupper på tre. Kvar elevgruppe skal laga to planetar kvar. Planetane lagar dei ved å lime avispapir lagvis på ein ballong. Deretter må ballongen målast i den fargen som planeten har. Ballongane bør henge ein dag til tørk.
Medan planetane tørkar, arbeider elevane vidare med lærestoffet ved hjelp av faktabøker, eit planetspel på Internett og eit spørsmålsark laga på bakgrunn av elevane sine eigne undringsspørsmål. På spørmålsarket kan elevane teikne og skrive ned det dei veit om planetane.
Når planetane skal hengjast opp, vert dette kopla til ein kort presentasjon der elevane fortel om planeten dei har laga. Etter planen skal det også hengjast opp meteorar og stjerner.
Planetsletta
Andre del av opplegget er å plassere planetane på ei slette for å få inntrykk av dei enorme avstandane ute i verdsrommet. I modellen er det nesten 600 meter frå sola og ut til Pluto, så aktiviteten krev ei lang og bein strekning.
Læraren har på førehand laga planetane i plastelina i rett storleik i høve til kvarandre. Planetmodellane skal setjast opp på trepinnar og plasserast ut i rekkjefølgje frå sola og med ein proporsjonal rett avstand.
Plakaten kan lastast ned fra nettadressa:
www.nysgjerrigper.no/pdf-filer/1077711978.37
10 cm på planetsletta svarar til 1 million km i verdsrommet, og 1 mm til 10 000 km på ordentleg. Å gå 1 meter på planetsletta ville ha teke 250 år om ein gjekk utan å stogge. Dette er store tal som vekkjer undring, men som kan vera vanskelege å forstå både for vaksne og born.
Pluto
Den 24. august 2006 bestemte Den internasjonale astronomiske unionen at Pluto ikkje lenger er ein planet. Pluto høyrer no til kategorien dvergplanetar. Dette er eit godt døme på at fakta og definisjonar er menneskeskapte.
Spørsmål til diskusjon
Korleis vert lærestoffet lagt til rette for elevane i dette opplegget?
Kva fakta bør elevane få med seg etter eit slikt opplegg?
Korleis ville du organisert dette undervisningsopplegget?
Utstyr
Ballongar, tapetlim, aviser, måling, svarte søppelsekkar, hyssing, plastelina, trepinnar.
Planetspelet er å finna på:
www.norsknettskole.no/fag/ressurser/ itstud/v99/solsystemet
Nettsted om solsystemet vårt:
www.astro.uio.no/ita/DNP/nineplanets/