Naturfag

Ressurspakka i praksis: naturfag på 1.–7. trinn er ei samling med over 30 filmar om naturfagundervisning på
1. til 7. årstrinn. Filmane syner undervisningspraksis som er fagleg solid og som engasjerer borna.

Målet med prosjektet er å inspirera lærarar og lærarstudentar til å diskutera undervisningsmetodikk og til å tenkja nytt om undervisninga i faget. Materiellet skal kunne brukast på seksjonsmøte, fagdagar, i lærerteamet og til sjølvstudium.

Kvar film dokumenterer eit konkret undervisningsfilm med didaktiske tips og meir overbyggjande idear rundt faget. Døma er henta frå vanlege klassar i Trøndelag, Telemark, Akershus og Oslo. Samla gjev heile ressurspakka ein statusrapport om korleis ein kan praktisera faget på ein god måte overfor elevane.

Filmar

Filmane og Kunnskapslyftet

Faggruppe naturfag på 1. –7.trinn

Les meir om i praksis

Tilpass filmane til kursbruk

Ressurspakka i praksis: naturfag på 1. –7.trinn er finansiert av Utdanningsdirektoratet og utvikla i samarbeid med Naturfagsenteret.

Les meir om Snöball Film og Bro Kompetanseutvikling